Føreslår 10 millionar til Balansekunst

 – Balansekunst må få moglegheita til å kunne gjera enno meir, seier Anette Trettebergstuen i Arbeiderpartiet til ballade.no.

– Balansekunst må få moglegheita til å kunne gjera enno meir, seier Anette Trettebergstuen i Arbeiderpartiet til ballade.no.

Den sitjande regjeringa har skjenka kulturmangfaldet 20 millionar i sitt statsbudsjett for 2019. Av desse er 1,5 millionar føreslått tildelt den ideelle foreininga Balansekunst. I Ap sitt alternative statsbudsjett finn vi at den same foreininga er skjenka 10 millionar.

Les hele saken på Ballade.no.

Nestleiar i Familie- og kulturkomiteen, Anette Trettebergstuen (Ap), har lenge vore ein forkjempar for kunstnarøkonomien og kulturbransjen. Til Ballade forklarer ho forslaget om auka rammer til Balansekunst slik:

– Metoo har vist kor dårleg det står til i store delar av kulturlivet. Folk har fått opp augo for kva som trengst gjerast meir med for å auke likestillinga, og også jobbe mot diskriminering og trakassering.

– Vi meiner at eit av dei verkemiddela vi treng å satse på er nettopp Balansekunst, som gjer veldig mykje bra der allereie. Mellom anna gjennom lågterskeltilbod som rådgjevingstelefonen, kursing, sertifisering og liknande.

Sertifiseringa, som Trettebergstuen peiker på her, er ei planlagt merkeordning for likestillings- og mangfaldsarbeid, og mot trakassering og diskriminering. Dette er ein forholdsvis ny idé, som tek utgangspunkt i ei skulering av leiinga for ulike kulturinstitusjonar, slik at ein kan sikre eit aktivt arbeid mot trakassering.

– Balansekunst må få moglegheita til å kunne gjera enno meir, så vi har ei ganske bra likestillingssatsing i vårt statsbudsjett. Der er Balansekunst eit viktig tiltak. Dei er i gang allereie, og dei gjer mykje bra. Og med meir pengar kunne dei ha gjort enno meir – og det trengs. Det har MeToo-kampanjen fått alle til å innsjå, fortel Trettebergstuen.

– Går dette då utover nokre andre punkt i statsbudsjettet – kvar ligg inndekninga?

– Nei altså, vi brukar 500 millionar meir enn regjeringa på kultur generelt og det er fordi vi ikkje prioriterer store skattekutt. Vi bruker meir pengar på likestilling og på kultur, og då prioriterer vi igjen Balansekunst fordi dei er eit viktig verkemiddel.

Dei framlagte midlane frå sitjande regjering var altså på 1,5 millionar. Dette var allereie nok for å få folk til å juble, ettersom at foreininga først vart etablert i 2016. Balansekunst er såleis ei av 25 grupper og institusjonar som er tildelt midlar. Så kvifor reagerte AP på at det var for lite?

– Det skulle berre mangle at ikkje Balansekunst kom på statsbudsjettet, men 1,5 million er jo lite pengar. Balansekunst har ein tilsett i ei 50 prosent stilling, og dei har ikkje eigne lokale ein gong. Då er det klart at det er avgrensa kva ein får gjort. Vi meiner at Balansekunst er ein så god organisasjon – som er eigd av alle medlemmene – at ein berre bør seie at dette vil vi vera med på for at dei får rigga opp og gjort meir.

Betyr mykje

Påtroppande Ballade-redaktør Guro Kleveland og styreleiar i Balansekunst er nøgd med Arbeiderpartiets forslag.

– Først og fremst, uansett utfall av budsjettforhandlingane som skal skje no: Vi er utruleg glade for og stolte av denne enorme tillitserklæringa til Balansekunst i Arbeiderpartiets alternative budsjett. Å bli sett, høyrt og anerkjend slik vi blir no betyr veldig mykje for Balansekunst som foreining, for alle medlemene som er og som skal bli med, og for arbeidet vi skal gjera framover, seier Kleveland.