2 x 6 JA

Foto: Folkets Hus

Kulturlivet treng omfattande kjønnsbalansetiltak på alle felt og nivå. Debattleiar Rhiannon Hovden Edwards (til venstre) frå Balansekunst viste det med ei rad med eksempel, og stilte spørsmålet om det var eit politisk ansvar. Frå desse (vidare frå venstre) Svein Harberg (H), Kari Elisabeth Kaski (SV), Thomas Walle (Musea Sogn og Fjordane), Julie Lødrup (Ap), Hans Ole Rian (Musikernes fellesorganisasjon), Guro Kleveland (Kulturtanken) kom det seks JA, utan om og men, i første omgang då.

Korleis skulle så det ansvaret arte seg? Skillelina her var vel om det skulle vere belønningar for god innsats eller føringar og krav for å få tildelt pengar, og for offentlege innkjøp. Føringane for tildeling forsvann i 2014. Er likestilling eit mål? Igjen seks JA. Det må innsats til frå førskole og skoleverk til akademia for å gi rollebielete og modellar som opnar for at begge kjønn slepp til og kan utvikle sine talent og spegle ein breiare røyndom.

Det må vere lov å sei at debatten i Bakgården var noko meir kultivert enn partileiardebatten seinare på kvelden. Om han var avklarande er meir uvisst.

Konsert med Daniela Reyes

Daniela Reyes (foto: Folkets Hus)

Hundre prosent kvinner på scenen etterpå, og likevel, med eit hint til debatten sa Daniela Reyes ho måtte kompensere litt: ho hadde med seg to gitarar, eit trekkspel og looputstyr. Det siste har Bakgården opplevd fleire gonger før, og det er like fascinerande kvar gong. Ikkje minst i går, det utstyret me har sett før har vore enklare og mindre omfattande. Ho tok opp sitt eige spel, spelte det tilbake, bytta instrument undervegs og spelte så saman med seg sjølv, presist, vakkert, breitt lydbilete. Innimellom og under framføring turnerte ho utstyret på scenegolvet med sokkekledde tær.

Ho starta med eit par av dei meir kjente melodiane sine, City Light og Melancholic Song. Ho var blitt utfordra til å skrive ein norsk tekst; det hadde ho gjort, den hadde ingen tittel – heitte bare nr 4. Ho skreiv i grunn fleire tekstar enn melodiar utan at ho visste grunnen, og det var ikkje alltid rim. Ho sa melodiane var litt triste og litt glade, men det var koseleg å tenke på. Den siste songen hadde heller ikkje namn, det var nr 1. Den hadde ho framført før og då var den roleg, men fordi ho så lett blei oppfatta sjarmerande framførte ho ein versjon som ikkje var roleg.

Attenåringen aleine på scenen kompenserte veldig bra. Det var Arendalsuka og Balansekunst som stod for begge arrangementa.

Saken blei først publisert på www.folketshus.no.

Forrige
Forrige

Musikkbransjen mangler balanse

Neste
Neste

Kvinner i jazz